Vegvesenet har fått midlar til asfaltering og har prioritert nokre få km rundt Eikefjord. Det vi vil merke mest er asfaltering på RV5 gjennom Helgøytunellen og til Brandsøy ca 5,1 km. Det skal også asfalterast 550 m innanfor krysset på Grov.
Også dei vegfarande mot Stavang får ny asfalt frå Osstrupen bru og 3 km mot Ausevik, og dei som pendler til Hyen får tilsaman 4850 m ny asfalt ved Storefjorden.
Asfalteringa startar i slutten av april og vil vere ferdig innan utgangen av oktober.