Arbeidet med å lage universell utforming på inngangen ved kyrkja er komt godt igang. Anbefalingane frå riksantikvaren er følgt og det gamle bislaget overlever også denne utbedringa.
Det er fint arbeid som er gjordt sjølv om steinane er store og grove. Totalinntrykket ville kanskje ha vore bedre om ein hadde brukt stein på størrelse med steinane i kyrkjemuren.
Det skal byggast adkomst for rullestol frå parkeringspllassen vest om kyrkja og over den gamle kyrkjegarden. I enden av denne vegen blir det ein skårampe opp på kyrkjetrappa. Her skal no også rullestolbrukarane få komme inn i kyrkja gjennom døra som er like gamal som kyrkja.
Også på nordsida mot vegen er det bygt opp ny trapp. Også den er laga med store steinar og arbeidet er også her av høg kvalitet.