Eit spørsmål det har vore diskusjon omkring er om vi treng borgartog her i Eikefjorden. Meiningane er sjølvsagt delte. Men vi har komme fram til at det ikkje er opp til denne 17.mai komiteen å avskaffe borgartoget. Oppfordringa er derfor krystallklar:
ALLE LAG OG ORGANISASJONAR MÅ FINNE FRAM FANENE OG STILLE «MANNSTERKE» I BORGARTOGET.
For 60 år sidan tok Ove Hope Tonheim dette bildet. Toget gjekk dengang ut på Hovland.
Derfrå ned UnderKleiva og inn på Kommunekaia før det fortsette inn i Eikefjorden igjen.
Lat folketoget i år vere ein beskjed vidare til neste 17. mai komite at man ønsker borgartog også i framtida.