Arbeidet med trappene ved kyrkja er så godt som ferdig. Flott arbeid med stein som er henta frå Simon Lars Løkkebø sitt brudd på Løkkebø. Steinen er delt så den passer med trappehøgdene. Vegen bort til parkeringsplassen er også komt langt. Her er arbeidet med kantstein igang og i midten av juni er det bestilt asfalt.
Det er Jørn-Kåre Kvamme som utfører arbeidet, han har også gitt inn anbud på felling av dei store bjørkene bak minnestøtta. Desse er planlagt felt og plenen jevna før dei gamle støttene blir sett tilbake på plass.
Meir kan du lese i boka om Eikefjord kyrkje som snart blir gitt ut.