Til bystyret i Flora ved ordførar Bengt Solheim-Olsen
-Samrøystes uttale frå foreldrearbeidsutvalet (FAU) ved Eikefjord barne og ungdomsskule:
FAU ved Eikefjord skule ønskjer konfirmasjonsundervisninga framleis i skuletida
Foreldrearbeidsutvalet (FAU) drøfta og handsama dette spørsmålet i møte 28/5. Vi vedtok samrøystes å be bystyret gå inn for at konfirmasjonsundervisninga framleis skal vere i skuletida. Vår grunngjeving er at vi over store delar av kommune har elevar som bur spreidd - og treng skyss til og frå. I tillegg meiner vi kristendommen er ein av dei viktigaste berebjelkane i vår kulturarv, og at den difor ikkje bør sjåast på som noko "framandelement" i skulen. Dei aller fleste vel kristen konfirmasjon, og ein lyt også ta omsyn til fleirtalet av elevane. Det er etablert gode ordningar for å ivareta dei elevane som vel annan form for konfirmasjon m.m.
Vi tek høgde for at det i ei slik sak kan vere noko delte meiningar blant dei skulen er til for – framfor alt elevane (og foreldra), men det var altså eit samrøystes signal frå FAU om dette.