Vi har mykje klede liggande på skulen som elevar (og andre brukarar av huset) har lagt att. I morgon, torsdag, vil difor alle klede bli samla i gymsalen. Vi ber elevar og føresette om å kome innom i løpet av dagen for å hente det dei eig. Det som då er att vil alle kunne plukke av, fredag. Resten vert gjeve til Fretex, eller kasta. Dersom nokon veit dei har klede liggande og ikkje kan kome innom i morgon, gje beskjed til Trine, eller Mona.
Administrasjonen ved EBU.