Det var stor stemning og mange smil på butikkopninga i sentrum søndag ettermiddag. Det var mykje folk som fylte opp lokalene og gleda seg ilag med Nina og Bjarte. Endeleg er det liv i butikklokalene som har vore mørklagde sidan matbutikken drog inn årane.
Høgtideleg snorklipping foran inngangen til Inspire.
Flott oppvisning på parkeringsplassen. Jentene kunne også opplyse at til høsten blir det dansegruppe for skuleelevane i Eikefjord.
Ein kvartett sette også farge på opningsdagen.
Og til slutt fekk Nina og Bjarte ordet og ønskte alle velkomne til opningsmarkeringa. Vi fekk også synge "Gratulerer med dagen" til Bjarte.
Inne på butikken var det mykje nyfikne følk som fekk sjå mykje fint. Her frå klesavdelinga.
Også i blomster og pynteavdelinga var det mykje fint.
Ved sida av butikken er det innreda kafe og selskapslokale. Her kan bygdefolket leige lokale til selskap og andre tilstelninger. Kafeen har sjølvsagt alle rettigheter.
I gamle banklokalene har Bjarte utstilling av diverse elektriske artikler. Dette lokalet er også mulig å leige for mindre grupper.
Til slutt brukte Nina muligheten til å takke alle som har vore med å hjelpt til med innredning av butikken og flytting frå gamlebutikken. Uten deira hjelp hadde det ikkje vore mulig å komme i mål.