2011 solheimsløpet 1 250Fylg riksvegen fem kilometer austover, ta av ved Storebru og fylg vegen litt nord og oppover, der ligg Solheim, ei lita fjellbygd omringa av snødekte fjelltoppar i vakker natur.

Vestre Hyen si naturperle er sjølvberga med både lensmann og sauedrift, postkasse og eiga TV-antenne for Riks TV. Fritt for vær og vind, akkurat der morgensola renn opp over Storfjorden, lever dei  70 salige fastbuande som i morgon arrangerer Solheimsløpet 2013.

Bilete: Øyvind Sørbø (19) til venstre og Geir Tore Leversund (52) kom på pallen i Solheimsløpet i Vestre Hyen i 2011.


Løpet går frå  Solheim sentrum til Solheimstøylen med start kl 19.00 laurdag 6. august.

              

Moralen her er at alle kan vere med, uansett tempo og alder. Dei aller fleste tek dette som ein gåtur opp i dette flotte terrenget. Desse går då  på førehand, slik at ein kan stå og heie på løparane ved målgang. Dette er til stor inspirasjon for deltakarane som skal springje. Det tek omtrent 45 minutt å gå opp. Det 1 km med skogsbilveg og 1,5 km med skogstraktorveg frå Solheim og opp til støylen. 

I år kostar det 50,- kr å delta.  

 Oppe på Solheimstøylen vert det kiosk med sal av pølser, brus, vatn og heimelaga kake baka av dei syngande husmødrene på Solheim. I tillegg vert det tent bål, så her vert ein triveleg kveld for gamal og ung. Å slå av ein prat med ein av dei lokale heimfødane er i seg sjølv ein aldri så liten turistattraksjon.   

Det vert diplom til dei tre beste i kvar klasser. Klassane er - Gutar under 15 år - Jenter under 15 år - Kvinner 15 år og oppover - Menn 15 år og oppover.

2011 solheimsløpet 2

Starten på løpet går altså kl 19.00 ved den grå garasja til Martin Holme, nabo til skulen og sentralt på Solheim. Målpasseringa skjer oppe på Solheimsstøylen. Totalt tilsvarar dette ein høgdeforskjell på litt over 350 meter.

Alle som ynskjer å delta på løpet, må møte opp ved den nemnde garasjen seinast klokka 18:30 for påmelding og uttdeling av startnummer.

Les om Solheimsløpet 2011 då Øyvind Sørbø vann her og her. (Vi hoppar galant over fjoråret)

Her kjem eit dikt til inspirasjon, levert av den lokale lensmann og Solheimspo(t)eten Øyvind Magnus:

Er du gamal eller ung,
lett eller tung.
Bli med på støylstur,
i vakker Solheimsnatur.
Om du tykkjer det går trått,
med traktor og slått.
Ny inspirasjon du får,
når du Solheimslia går.

 

 

                                    

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2