NM i feltpistol starta i Larvik onsdag og første greina ut av fire var revolverfelt. Der skyt ein på ulike figurar på ulike avstandar, tida varierar mellom 6–14 sekund på seks skot.
Hjalmar fekk 96 av 99 moglege poeng under dagens skyting.
– Eg skaut ganske bra i dag, men eg tapte to poeng på ein bom som eg burde unngått. Dermed vart det ein tredjeplass i dag. Eg er veldig fornøgd med å stå på pallen, sjølv om det sjølvsagt alltid er kjekt å vinne, seier han til Firda.