På laurdag vert det borna sin dag på Eikefjord Aktivitetsgard og In-spire. Garden på Hovland er ope fra 12-1500. Her kan du gå på Stall og Fjøsbesøk, sitte på hest, kose med småkalvar, kyr, sau, og kaniner, mellom anna. Pris per ridetur. Kanskje får vi sjå den snåle fjøsnissen som bur på garden?

 

Klokka 15 går vi til In-spire for nissegraut og innekos. På Hovland får du kjøpe fakkel til å lyse opp vegen med.

 

Hugsar du det flotte eiketreet vi dekorerte på Borna sin dag? No har det snart mist alle eikeblada, og vi trenger hjelp med å lage julekuler til å henge på treet. Ellers kos og prat i kafèen.

 

 

FJELLET

20140601-625-grunnevatnet.jpg

Eikefjord

20140816-barngraatass.jpg

Eikefjord ligg i indre del av Kinn kommunen nord på Vestlandet. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


HALLEN

20170511-400-hallen.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com