Hei alle gode :-) Endelig kom julesnøen vil nokon seie, sjølv om ikkje alle klappar i hendene over snømåking og vedfyring, så kosar iallefall mange ungar seg ute med skigåing og aking, og får raude friske roser i kjakane :-) I morgon arrangere In-spire og Eikefjord Aktivitetsgard, Borna sin dag, eit fellesprosjekt med gardsbesøk på Hovland og nissegraut på butikken.

Dette er eit av dei tinga vi gjer for å skape trivsel og aktivitet i bygda, for å kunne glede, men og for å kunne få økonomi i bedrifta.

Fordi vi er så utruleg glad i denne bygda, har vi eit inderlig ønske om å drive In-spire til glede og inspirasjon. Kafèen er under utvikling, mellom anna med heimelaga middag den første torsdagen i månaden. Det er ein forsiktig start, og vi vil gjerne ha innspel ifra dåkke kundar, kva de ynskjer. Over nyåret planlegger vi ein ide-dugnad, og inviterer alle dåkke som er glad i butikken, til å vere med i vår Idè-bank. Info om dette kjem seinare.

Vi brukar mykje facebook som kanal med informasjon om aktivitetar og tilbud, da det ikkje passar seg å legge slik info her inne så hyppig. Følg oss gjerne der, vi har følgera i alle aldre, fra 13 -80/90 år :-) Frå laurdag og neste veke av er det -25% på halve klebutikken. Alle Skjerf, ytterjakker, sko, og haustvarer. Eit stativ med 50%.  Barnekle 3 for 2.

Så håpar eg at alle som meiner vi trenger ein faghandel blomsterbutikk i Eikefjord, som kan formidle dine følelsar i alle livets fasar, vil nytte oss i  alle dei tilfellene ein har behov for blomster. Slik kan vi holde eit godt utvalg og opprettholde desse tenestene. Det er ein alvorleg men og vakker del av jobben å få hjelpe folk å formidle sine siste helsingar til nokon ein er glad i, men det vert stadig meir utfordrande å holde eit godt nivå i butikken når folk handlar mindre og mindre blomster. Så gled ein venn eller deg sjølv i dag med en bukett roser eller kanskje berre 1 :-) Vi hjelper deg så gjerne.

Med ynskje om ei god helg. Helsing Nina og damene på In-spire :-)

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2