For 25 år sidan vart eit kritisk20131231-250-ida underernært spedbarn funne av ein prest i Colombia.

Adopsjon
Den gamle presten i Chia i Sør-Amerika fann jenta i kyrkja og gav henne til ei nabokone som tok seg av henne den første natta. Men babyen var så svak at dei fann det naudsynt å sende henne på sjukehus.
-Legane trudde at eg ikkje kom til å overleve, og difor ville dei ikkje gje meg medisinar, seier jenta, som i dag heiter Ida Rosita Knapstad.


Men presten gav henne ikkje opp. Han kontakta ei kvinne han kjende, Rosita Ester Camargo. Rosita og mannen Christobal bestemte seg for å kjempe for at jenta skulle overleve. Dei sørga for at ho fekk medisinar, og dei besøkte henne påsjukehuset.
Med stellet og omsorga dei gav henne, vart ho raskt betre. Då ho var frisk nok til å reise frå sjukehuset, tok Rosita og Christobal, som hadde fire barn frå før, Ida Rosita til seg som fosterdotter. Ho var ein del av familien deira i fire år før reisa hennar skulle gå vidare over Atlanterhavet til Norge.

Snøen
No sit Ida Rosita i ein sofa på ein gard i Eikefjord. Det første eg hugsar, er kulden då vi kom utav flyet i Florø. Dei nybakte adoptivforeldra hennar, Kåre og Gunvor Knapstad, hadde henta fireåringen i Colombia. Norge ønskte ho velkommen med ei snøbye. -Det som skjedde før eg kom hit, trur eg at eg har fortrengt.

Brått farvel
-Vi trudde at Ida Rosita budde i ein heim der dei tok imot mange sjuke barn, og at fosterforeldra ønskte å adoptere henne bort, seier Kåre Knapstad. Men det dei norske adoptivforeldra vart fortalt, stemte ikkje.
-Fosterforeldra mine ville ha meg. Men om dei skulle det, måtte styresmaktene ha gjeve dei pengar. Det hadde ikkje styresmaktene råd til, seier Ida
Fosterforeldra hadde fått beskjed om at Ida Rosita skulle bli adoptert, men dei visste ikkje kva tid.
-Eg berre for, utan at dei hadde førebudd seg på det. Det var ikkje alle som fekk sagt ha det til meg. At dei tok meg så brått frå dei eg kjende, kan vere grunnen til at eg ikkje hugsar noko. Sidan har Ida Rosita budd i Eikefjord. Etter at mora døydde i 2005, har ho og faren budd åleine på garden.

Koplinga
Ein marskveid i 2011 vart roa på garden forstyrra då Ida Rosita fekk ei melding på Facebook. Meldinga kom frå Colombia.
-Dei hadde nokre bilde som dei ville eg skulle sjå. Først trudde eg at det var dei biologiske foreldra mine. Eg vart så redd at eg gjekk for å vekke pappa. Neste morgon måtte Ida Rosita sjekke om Facebookmeldinga var ein draum.
-Då eg fekk sjå bilda, såg eg at det var meg. Det var skremmande og fint. Eg vart glad for at dei kontakta meg. Fosterforeldra hadde leita eit par år for å finne namnet hennar. Men fordi dei var usikre på kor mykje Ida Rosita visste om fortida si, venta dei endå eitt år med å ta kontakt. .No inviterte dei henne på besøk. -Eg sa ja med ein gong.

Opne armar
I februar i år gjekk turen til Colombia. -Fostermora tok Ida Rosita i armane sine og ville ikkje sleppe henne, fortel Kåre om det første møtet mellom dei. I tillegg til fosterforeldra, møtte dei også barna og barnebarna deira. -Då eg landa i Colombia, gav dei minste barna meg ein Minni Mus-bamse, seier Ida Rosita og peiker på bamsen som sit øvst på ei hylle i stova.
Smil
-Landeterheilt fantastisk: Naturen, folka og maten. Dei stressar mindre enn vi gjer i Norge, og fleire har fysiske jobbar, seier Kåre. -Alle vi møtte på gata, sa god dag til oss, sjølv om vi ikkje kjende dei. Folka i Colombia er glade, trass i at mange er fattige, seier Ida Rosita, som ser ut til å ha fått med seg eit smilande gen frå landet ho vart fødd i.
Nye planar
Besøket gav meirsmak, og Ida Rosita har fått tiIbod om å komme attende og bu derei stund. · Planane er ikkje konkrete, for eg må lære meg meir engelsk før eg kan reise. Fostermora mi snakkar ikkje engelsk, så det kan bli utfordrande. Men ho vil gjeme lære meg spansk.
Kåre fortel at det også er snakk om å få colombianarane på besøk til Norge. Dei har lyst å gå på ski, for det har dei aldri prøvd, seier Ida Rosita.
I mellomtida held kootakten mellom dei to landa fram der han starta, på Facebook.

Sjå i Firda der fleire bilder er trykt.

Bilde: Facebook

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2