Lesarinnlegg av AUDUN SOLHEIM, Eikefjord i Firdaposten


Nok ein gong har eit politisk møte, Flora formannskap, blitt ein arena der administrasjonen gjer bot og utfører favorittøving si: Å leggje seg langflat, noko dei etter kvart meistrar svært godt. Utfører ein denne øvinga, er harmonien oppretta. I pressa får vi sjå bilete av den angrande «syndaren», medan den politiske heiagjengen smiler lurt i bakgrunnen. «Neste sak!»

Samspel og utvikling?
Problemet er at ingenting har skjedd og ingenting skjer. Denne gongen var det kommunedelplanen for Eikefjord som vart «gløymd». Og i tråd med ritualet, vil etatssjefen inn i fjorden og Iytte. Kanskje har rådmannen ei ny tankesmie eller ein tenketank med seg innover? Slikt skaper optimisme og entusiasme, og det gjeld å vere budd. Eller kva med eit nytt folkemøte?

For tre år sidan skulle tankesmietankane realiserast med rekordfart. 300 tomtar skulle regulerast. Her skulle ein samspele og skape vekst og utvikling. Ja, du las rett. Tre år, og ingen godkjent reguleringsplan. Er dette tilfeldig? Eller er det bedrøvelege faktum at kommuneleiinga og politikarane ikkje ønskjer utvikling i Eikefjordområdet?

Smerteleg sentralisering
Folkeopplysning er av og til naudsynt. Det er så lett å gløyme. Men mange vil vite at bygda Eikefjord var eingong eigen kommune. Av dei omliggande kommunane, Kinn og Bru, stod Eikefjord kommune seg godt økonomisk. Her var høg aktivitet og velstand. I 1963 kom kommunesamanslåinga. Florø miste bystatusen og eikefjordingane kontroll over heradskassa. Ei smerteleg sentralisering hadde skjedd, der sju skulekrinsar vart samle i ein ny stor og moderne skule. Skulen var nedbetalt før «brurenatta» og som ein kuriositet kan nemnast at ordførarkjedet i nyskapinga, Flora ,var Eikefjord sitt heimafølgje.

Ein evig kamp
Kvifor nemne dette? Det er jo så lenge sidan. Blir aldri eikefjordingane ferdige med at dei ein gong var eigen kommune? Som innflyttar til Flora, har eg levd med «Eikefjord vs. Florø-problematikken» dei siste tretti åra. Og for å seie det kort: Politisk vilje til å satse på Eikefjord har ikkje kome av seg sjølv. Det har stort sett vore ein kamp der vi som bur i denne «bydelen», til overmål må ha rettferdiggjort våre krav. Slik burde det ikkje vere!
Eikefjord ligg, som alle veit, lagleg til, på aksen Florø -Førde. Difor vil det å satse på byggeklare tomtar, ein moderne ein til ti-skule og eit dekkande barnehagetilbod, skape vekst, utvikling og auka inntekter til Flora kommune. Men då må haldningane endrast, både hos politikarane og i administrasjonen. Det burde vere uhørt å «gløyme» viktig planarbeid når kommunen treng auka inntekter.
Etter siste bystyremøte, der det samrøystes vart vedteke å bygge ny skule og fleirbrukshall i Eikefjord, steig optimismen. likevel kjenner mange på ei ikkje ugrunna frykt for at eit slikt vedtak ikkje skal stå ved lag så lenge. Frykta for trenering og «gløyming» ligg der, håpet er at vi denne gongen tok feil.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2