Merkegjengen på Storebru 20140601-250-turog omegn har ikkje leie på latsida denne våren. Dei har no to nye turstiar ferdigmerka. Ein tursti begynner på Langedal skogsveg og den andre frå Litle Eikevik.

Prosjektet har no gått over 3 år og det er Oddvar Endestad og Lars Arne Kirkbakk som har stått på heile tida med forskjellige hjelparar undervegs. Eikefjord.net var med på deler av turen der turen frå Litje Eikevik på Løkkebø til Nipevatnet ovanfor Hovlandstøylen blei ferdigmerka.

 

Turen starter nede på vegen mot Løkkebø, ved ferista i Litje Eikevika. Her går den oppover mot stien som kjem frå Eikevika. Stien fortset oppover i terrenget og føste delmål er Øyrastøylen. Denne delen er det lett terreng uten harde stigninger.

20140601-600-orastoylen

Etter Øyrastøylen kjem den første harde stigninga. Her er Oddvar og Jan Harald Pedersen kommen opp bratta ved sida av fossen og kan nyte utsikta ned på støylen. Vidare mot Nipevatnet er det no mykje mota.
Neste stopp er Blåvatnet. Her er det flott utsikt innover vatna heilt opp til Storefjorden og Eimhjellenipa. Ein ser også opp i Djupedalen, ein fin dal oppe i fjellsida. Det er berre ein god sti opp, først opp bjørkelia så langs skåra som er merka på nedanstående bilde. Frå Djupedalen er det fint å gå utover mot Blånipa.
20140601-600-djupedalen

Etter Blåvatnet er det enda ein har mota opp mot dalføret nedanfor Blånipa. Vel oppe møtte vi Lars Arne som hadde gått i forvegen med si bør med orange merka staurer.
20140601-600-rast

Frå høgste punktet her på turen er det god utsikt mot Driva. Dette er fossen som kjem med frå Blånipa. Eikefjord.net tok turen opp og tok bilder av fossen nedanfrå. Bildet viser kvifor fossen har fått navnet, den driv fram og tilbake i vinden. Turen opp går gjennom ei steinrøys der det er vanskeleg å finne ein god trase, men det er likevel den vanlegaste ruta frå Knapstadstøylen til Blånipa. Like utanfor fossen er det mulig å gå/klatre opp mot toppen. Absolutt svart løype og ikkje egna når berget er vått.
20140601-600-driva

Den som kjenner fossen klarer fint å gå gjennom fossen uten å bli våt. Ta tida til hjelp og studer korleis fossen beveger så er det berre å prøve seg. Bommer du blir du berre våt.

Oddvar, Lars Arne og Jan Harald fortsette ut fjellet mot Nipevatnet og sette opp merkepåler, så no er det orange merkepåler heile turen på ca 6 km. Frå Nipevaatnet og ned til Eikefjord (ca 3,5 km) er det merka med røde merkepålar. Det var prosjektet til Jostein Midtbø og turvegar mellom Eikefjord og Norddalsfjord.

Turkart Løkkebø - Øyrastøylen - Blåvatnet - Nipevatnet

Lokkebo-Nipevatn

Blå rute opp til Øyrastøylen - lett terreng.
Rød rute videre til Blåvatnet og Nipevatnet.
Svart rute - ikkje merka - Djupedalen - Blånipa - Nipevatn.

 

Turen frå Langedal traktorveg starter midt mellom Langedal og Sæterlid. Parkering på plassen litt ovanfor vegen. Turen går fårst til Langedalsstøylen derfrå til Thorsvatnet. Der kjem ein inn på stien frå Endestad - Høgenipa - Endestadnipa som er beskreve på Aktiv Fritid.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2