Du blir med dette som grunneigarar og/eller hjorteinteressert invitert til drøftingsmøte i prosjektet Forvaltning av hjortebestand 2013-2017.

Møtet blir halde onsdag 18. juni, klokka 19.30 på Eikefjorden skule. Parkering på skulen og i sentrum.

Drøftingsmøtet har slikt møteinnhald:

Informasjon om hjort og hjorteforvaltning generelt, ny kunnskap og ny forskrift
Informasjon om føreslegne grenser for nye forvaltningseiningar – sjå vedlagt kart
Drøfting og diskusjon om dei føreslegne grensene, evt endringar/justeringar
Invitasjon til å bli med å lage bestandsplan for nytt område.

Det å lage bestandsplan og søkje den godkjent hjå kommunen kan skje etter nye reglar for hjorteforvaltninga

  • Valda treng ikkje slå seg saman
  • Dei valda som vil kan samarbeide om felles bestandsplan
  • Valda som samarbeider om felles bestandsplan får tildelt kvote for kvart vald for lengda av bestandsplanperioden
  • Valda som samarbeider kan ha fleksible løysingar som lettar jaktutøvinga
  • Det er ikkje krav om at alle valda for området blir med. Det er for dei som vil.
  • Det er eit krav at ein lagar ein bestandsplan for eit område som har ein hjortebestand

Prosjektet Forvaltning av hjortebestand 2013-2017 er oppretta for å

  • Avdekkje kva område som har felles hjortebestand – kartfeste desse
  • Invitere til samarbeid om hjorteforvaltning for kvar av dei nye inndelingane
  • Hjelpe til med bestandsplanutarbeiding
  • Følgje opp arbeidet dei første åra

Bakgrunn og prosjektet til no
Merkjeforsøka for hjort har vist at hjortebestandane i liten grad er avgrensa av kommunegrensene eller valdgrensene slik vi har dei i dag. Ny kunnskap krev endring av forvaltningspraksis.

Krava til innhald og arbeid for å få godkjent bestandsplanar er skjerpa i forskrift om forvaltning av hjortevilt. Det er signalisert at kommunane bør vera strengare for å vurdera innhaldet i planane. Planar som ikkje held faglege mål skal avslåast.

Godkjent bestandsplan skal vera god og halde høgt fagleg nivå. Forskriftene legg til grunn at dei valda som ønskjer å gjere dette skal få meir fridom og styring over eigen hjortebestand.

Forskriftene legg også til grunn at dei valda som ikkje er interessert eller vil arbeide med bestandsplanar vil få tildeling av årleg gitte løyver etter spesifisert kjønns- og aldersstruktur.

Første del av prosjektet har vore informasjonsmøte og arbeidsgrupper i kvart møte med oppgåve å føreslå framtidige avgrensingar for bestandsforvaltning. Dette vart gjennomført for Sogn og Fjordane og Hordaland i 2013. Forslag ligg kartfesta i vedlagde kart.

Drøftingsmøta som no er kalla inn til si oppgåve er å drøfte føreslegne inndelingar, endre eller justere desse for å så å einast om hensiktsmessige grenser som ein søkjer felles bestandsplan for.

Vi håpar mange av grunneigarane stiller til møtet og ønskjer vel møtt til drøftingane!

Ta kontakt med oss om noko er uklart

Mvh
Utmarksavdelinga Sogn og Fjordane Skogeigarlag/Vestskog

Arve Aarhus
4750258

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2