På den fjerde tysdagsettermiddagen på rad med godt og lagleg sommarver, var 32 glade, unge eikefjordingar møtt fram i Kvalvikdalen til siste runde i Eikefjordkarusellen. Som vanleg vart det sprunge 60m til dei fleste ikkje ville meir, så var det kulestøt og 300m. Då alle hadde fått pusten igjen vart det under dansk leiing servert ospevedgrilla pølser "og sånt".
Takk til Vårherre for veret, til Mikael for grillinga, og til alle dei vaksne som var med ungane og som hjelpte til med alt som det trongst ei hand til å gjere. Det var kjekt.

Det vart til slutt delt ut medaljer til dei 32 som hadde vore med minst tre gonger. Nokon spurde også om ikkje det kunne vere ein ide å ha ein karusell straks etter skulestart om hausten også .... om mange seier dei vil ha det, så kan det sikkert ordnast.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2