Sommar og ferietid, og kva plass i denne verda er vakrare og betre å vere, enn her i Eikefjord. Vi nyter kvar dag som den kjem, og håpar det skal bli ein lang herleg sommar.

Mens du ligg på stranda og nyter late dagar, eller kanskje er av dei som er på jobb enno, og har ferie å sjå fram til, så lagar vi på In-spire forfriskingar til deg. I tillegg til fylte lefser, smørbrød og kaker, har vi framover no heimelaga supper og ein kald salat, på menyen. Begge deler serverast med fersk brød. 

Denne veka får du heimelaga krema tomatsuppe med chirozzopølse, og ein ost og skinke salat. Forfriskande, sunt, og nok energi til nye gjeremål.

Ynskjer du eit magert mellommåltid kan vi servere Cottagecheeze med musli, nøtter og frukt. Kven seier at søtt ikkje kan vere sunt?

 

Vi kjem til å legge ut ein vekemeny på facebook, der kan du komme med innspel eller foreslå nye favorittar :-)

 

Velkommen og vel bekomme :-)

 

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2