NVE gjev løyve til kraftverka20140711-250-kraftverk Steindal, Løkkebø og Langedal.

Samstundes har NVE avslått søknadane om bygging av Botnaelva kraftverk og Øvre Agledal kraftverk.

Tekniske data kraftverkene

Steindal kraftverk vil nytte fall på 112 m i sideelvene Steindalselva og Støylselva i Kleivaelva frå inntaka på kote 210 ned til kraftstasjonen på kote 98. Vassveg vil vere nedgrave rør med ei samla lengd på 3255 m. Litleelva skal etter planen overførast til Steindalselva via eit 250 m langt nedgrave rør. Det er ikkje naudsynt med bygging av nye vegar. Middelvassføringa er 2,67 m3/s og kraftverket er planlagd med ei maksimal slukeevne på 5,35 m3/s. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 5,0 MW og etter planane gi ein produksjon på 16,1 GWh. Utbygging vil føre tilredusert vassføring på ei totalt 5500 m, fordelt på 300 m i Kleivaelva, 1870 m i Steindalselva, 1025 m i Støylselva og 1900 m i Litleelva. Det er planlagd slipp av minstevassføring på 200 l/s om sumaren og 100 l/s om vinteren.

Løkkebø kraftverk vil nytte eit fall på 155 m frå inntaket på kote 220 ned til kraftstasjonen på kote 65. Vassvegen vil gå gjennom eit borehull på 200 m og ei nedgrave rørgate på 30 m. Det må byggast i alt 200 m ny veg til inntaket. I tillegg må eksisterande traktorveg og gardsveg rustast opp. Middelvassføringa er 0,73 m3/s og kraftverket er planlagd med ei maksimal slukeevne på 1,6 m3/s. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 2,1 MW og etter planane gi ein produksjon på 5,0 GWh. Utbygginga vil føre til redusert vassføring på ei 300 m lang elvestrekning i Løkkebøelva. Det er planlagt slepp av minstevassføring på 99 l/s om sumaren og 23 l/s om vinteren.

Langedal Kraftverket vil nytte eit fall på 139 m med inntak på kote 215 og kraftstasjon på kote 76. Det er planlagt røyrgate i nedgraven/nedsprengt grøft over ei strekning på 1100 m med unntak av i ein bratt skrent der røyrgata skal liggje i dagen. Langs traseen vil det bli etablert ein førebels anleggsveg frå eksisterande lokal veg fram til inntaket. Det er planlagt ca. 300 m permanent tilkomstveg til inntaket og 450 m veg til kraftstasjonen. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 3,0 MW og skal etter planen produsere 12,01 GWh. Utbygginga vil føre til redusert vassføring over ei strekning på 1150 meter i elva Langedalselva/Agledalselva. Søkjar har planar om å sleppe ei minstevassføring på 300 l/s om sumaren og 200 l/s om vinteren.

Dei to neste fekk ikkje konsesjon

Botnaelva kraftverk vil nytte eit fall på 320 m med inntak på kote 381 og kraftstasjon på kote 61. Det er planlagt rørgate i nedgraven/nedsprengt grøft og i dagen. Total lengde på røyrgata er 1271 m. I samband med utbygginga skal Botnavatnet regulerast 1 m. Det må byggast ca. 2500 m ny veg fram til kraftverket. Langs traseen vil det bli etablert ein førebels anleggsveg frå kraftverket og opp til inntaket. Middelvassføringa er 460 l/s og det er søkt om ei maksimal slukeevne på 920 l/s. Kraftverket vil ha installert effekt på 2,5 MW og skal etter planen produsere 7,2 GWh. Utbygginga vil føre til redusert vassføring over ei strekning på 1271 meter i elva Botnaelva. Søkjar har planar om å sleppe 22 l/s om sumaren og 18 l/s om vinteren, dette tilsvarar 5-persentilverdiane sumar og vinter.

Øvre Agledal kraftverk vil nytte eit fall på 133 meter frå inntaket på kote 355 og ned til kraftstasjonen på kote 222. Vassveg vil vere nedgrave rør med ei samla lengd på 1800 meter. Middelvassføringa er 1,52 m3/s og kraftverket er planlagd med ei maksimal slukeevne på 2,65 m3/s. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 2,8 MW og etter planane gi ein produksjon på 10,3 GWh. Utbygging vil føre til redusert vassføring på ei totalt 2000 meter. Det er planlagd ei minstevassføring på 83 l/s heile året. Dette er lik alminneleg lågvassføring.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2