Hei alle gode :-) Dåkke har sikkert sett at vi søker etter medarbeider på In-spire, til å vere med å utvikle kafedrifta videre frammover :-) Det har vore ein god sommar med masse tilreisande og nye fjes innom, i tilleg til dåkke trufaste og positive som vi setter så umåteleg stor pris på <3 Det er veldig kjekt å sjå desse to vekene etter skulestart at det har vore ein bedre aktivitet i kafeen enn vi kunne hugse frå i fjor, og det betyr jo både at vi har utvikla oss og at fleire er vande med å stikke innom. 

Vi har kjøpt Softicemaskin, og det har vore godt mottatt. No er Softicesessongen på hell, og vi har stengt av maskina siste veka. Men sidan veret er så fantastisk, kjem vi til å starte Softicemaskina i helgane, fredag til sundag. Så planlegg ditt softicekjøp da :-) Eikefjorden er tross alt enno ikkje så stor, så klarer vi å holde omløp i ei softicemaskin på sommarhalvåret så er eg fornøgd, men det er de som bestemmer ;-)

Søndagens middagsmeny er Sosekjøt med ertestuing, lærdalspoteter og tilbehør :-) Nyt veret og naturen og ta middagen hos oss :-) Og sender du oss ein sms er det lettare for oss å planlegge, men sjølvsagt ikkje nødvendig :-) 

 

God helg frå damene på In-spire

 

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2