Onsdag ettermiddag20140917-250-snor inviterte Idrettslaget til opning av turstiane på nordsida av Eikefjord. Leiar i Idrettslaget takka alle frå grunneigarar, dugnadsgjenger, sponsorer og ikkje minst prosjektkomiteen.

Den offisielle opninga utførte Solbjørg Steiro Herstad frå Gjensidige-stiftinga, sidan det er dei som har gitt mest støtte til prosjektet. Dei har løyvd 120 000. Sparebanken Sogn og Fjordane har bidratt med 80 000 kroner.

Skulemusikken var på plass og spelte før det Lars Terje tok over
20140917-600-musikken

Lars Terje orienterte om prosjektet som verkeleg tok av under plansmia til Flora Kommune. Etter den tid har prosjektet gått på skinner inn mot ferdigstilling og opning. Alle grunneigarane i området har skrive kontrakt med idrettslaget om stien og vedlikehald av stien. Prosjektkomiteen har tatt seg av alt frå papirarbeid, søknader, innkjøp av materialer, ledelse av areidet og mange dugnadstimar i løypene. Lars Terje takka også Sparebanken Sogn og Fjordane, Gjensidigestiftinga og Flora Kommune for bidraga. Også Skulen har bidratt med både midler og dugnad, og det siste er at ei elevbedrift har skrive kontrakt med Idrettslaget for vedlikehald av stiane.
20140917-600-lars

Idrettslaget delte ut blomster til mange aktørar i stiprosjektet.
Rektor Heidi Aasen, skulen - banksjef Ole Aukland, Sparebanken Sogn og Fjordane - Maj Britt Fraas, Ingvill Malkenes Hovland og Siv Hopen i Bestemorlauget, Odd Asle Endestad og Lars Fraas i Prosjektkomiteen. 

Silje Øren orienterte litt om Bestemorlauget sin innsats i bygda. Pengar dei har fått inn på forskjellige dugnader kjem no bygda tilgode. Dei spanderer 5 benker som skal settast opp langs stiane.

20140917-600-blomster

Også Solbjørg Steiro Herstad frå Gjensidige-stiftinga fekk blomster og ønskte til lukke med stiane i Eikefjord. Prosjektet er helt i tråd med retningslinjene i stiftingane - bygd med mykje dugnad og kunne brukast av heile folket.
20140917-600-gjensidige

Så kunne prosjektkomiteen ta gjestane med på tur langs stien. Odd Asle orienterte om gamle vegar og navn langs stiane. Han orienterte også om merka stiar mot Knapstad der stiane knyter seg saman med stiar frå Øyra. 
20140917-600-sti

Skulen hadde laga natursti med spørsmål langs stien. Mange ivrige løyste spørsmål på løpande bånd og premie hadde sparebanken til alle. Her er ein gjeng på veg ned frå Bjønnamyra der Odd Asle Endestad og Per Endestad har fiksa landgang over myra utan at det har kosta noko for idrettslaget.
20140917-600-stien

Ute på rasteplassen venta det kaffi og svele - saft og pølser servert av Bestemorlauget.
20140917-600-mat

Lars Terje orienterte også om stiprosjektet i Sørmarka. Prosjektet har stoppa litt opp i påvente av godkjent reguleringsplan for området. Plansmia som sette fart i prosjektet har no blitt hinderet som gjer at Idrettslaget er på vent.

Lars Terje takka også Per Endestad i prosjektkomiteen, som var på jobb, for godt arbeid. Også resten av Bestemorlauget fekk sin fortjente takk.

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu