Kva er vel bedre på ein haustdag enten den er flott og klar som i dag, eller stormfull og våt som tidlegare i veka, enn ein tallerken rykande varm og smakfull suppe? 

Nytt i kaffèen er at vi har dagens suppe klar frå klokka 1200 i suppekokaren i kafeen, slik at du kan komme innom og la deg friste med alle sansar. Suppa serverast med ferskt brød. Vi har og nysmurde brød med godt pålegg.

Dagen suppe er haustsuppe med grønnsaker, lam og grov kjøttpølse. 

"Ta-med-suppe"

Vi ventar inn "ta-med-suppeboksar" slik at du kan kjøpe med deg suppe til lunch, om du ikkje har tid å stoppe i kafeen.

Vi lagar alle våre supper med gode råvarer og reine smaker, så dette er eit sunt, næringsrikt og mettande måltid. 

Har du ei favorittsuppe du lagar alt for sjeldan, så tar vi gjerne imot oppskrifta slik at vi kan lage den til deg :-)

Nyt dagen :-)

 

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2