Det er etablert eit nytt firma i Eikefjord.20141001-250-ronny Fjord Montering held til i bygget til Eikefjord Elektro med Ronny Fadnes i spissen. Han er spesialist på omtrekking av møbler, spesialtilpassa puter og madrasser, båtkalesjer, bilsetetrekk og så videre.

Har du noko du vil ha sytt er Ronny den du skal kontakte om du vil ha eit produkt av høg kvalitet som du kan være stolt av.

Ronny har jobba lenge i bransjen og har god erfaring. Han har ti års erfaring med oppatt trekking av stoler i båtar og bussar, laga spesialtilpassa møbler i båtar. Han har også utført meir spesielle jobbar som oppattrekking av alterringer. Dei blei utført på gamlemåten med halm og spikar.

Etter siste storm fekk han inn kalesja til Ottar Akselsen som var i filler. No er det komme ny kalesje på plass og nytt trekk over flybrigden.
20141001-600-kalesje

Han har også laga spesialtilpassa madrass til ei campingvogn. Glidelås så trekket kan takast av og vaskast og i tillegg kan den leggast saman.
20141001-600-madrass

Han har også fått tid til å trekke om to gamle lenestolar. Fine vart dei, men også bedre å sitte i for Ronny la inn litt ekstra støtte i korsryggen.
20141001-600-stol

Verkstedet er plassert i andre etasje i bygget til Eikefjord Elektro. Opp trappa finn du dagleg leiar Anstein Aa og lengre inne i bygget du finn Ronny på verkstaden.
Ronny når du og på telefon 958 38 445.
20141001-600-verksted

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2