Det er endeleg klart for byggestart 20141116-250-barnehagenpå barnehagen. Byggesaka kjem opp i Prosjektutvalet 20. november, og 2. desember kan truleg bystyret gje det endelege signalet. Terje Sunde AS frå Vassenden er innstilt til oppdraget på knappe 17 millionar kroner.

Utviding av barnehagen har vore eit krav i Eikefjord i mange år. No ser det meste endeleg ut til å vere klart.
Geologar har teke ei siste vurdering av rasfare og mogleg kvikksand i det aktuelle området om mindre tiltak blir sett i verk.
Nybygget
Det skal reisast eit nybygg på 318 kvadratmeter som skal romme personalavdeling i sokkeletasjen og ei heilt ny barnehageavdeling i 2. etasjen. I tillegg skal eit areal på 110 kvadratmeterav den gamle barnehagen byggast om og det er også lagt inn 1,6 millionar til nytt tak.
Barnehagen vil framleis ha fire avdelingar. Avdelinga i Allhuset flyttar no til barnehagen som skal gje plass til 60 ungar som før.
Nybygget har nok plassar for bygda framover, men det er rom for nye påbygg, seier konstituert barnehagestyrar June Ann Nordnes til Firdaposten.

Les meir i Firdaposten lørdag

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2