Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

Sakser vi litt i saksframlegget skin det godt gjennom at komuneledelsen er flaue over framdrifta i arbeidet - og med god grunn.

 - Arbeidet har pågått lenge

 - Prosessen har vore lang og krevande

 - Arbeidet har vore ein lang og krevande prosess

 - Men så tok det altså nesten 3 år før planframlegget kom. Dette er svært beklageleg. Det er og forståeleg at eikefjordingane har mist tolmodet.

No er endeleg ventetida over - ny kommunedelplan for Eikefjord, planid 20120001, vart endeleg vedtatt i Bystyret 04.11.14

Sakspapira finn du hos kommunen

FJELLET

20140601-625-grunnevatnet.jpg

HALLEN

20170511-400-hallen.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com