20150125 150 folkemoteGrendalaget og FAU inviterte grenda, skulen, Skanska, kommuneleiinga og politiske parti til orienteringsmøte angåande skulen og idrettshall. 

Skanska viste video og teikningar av skulen med tilhøyrande gymsal/idrettshall og hausta applaus for sine løysingar. Også løysinga der skule og byggeplass skal være næraste naboer har Skanska løyst på ein god måte.

Frå kommunen møtte Ordførar Bengt Solheim-Olsen, Anders Moen som representant frå rådmannen, og prosjektleiar Jeiki. Frå skulen møtte rektor Heidi Humlestøl i tillegg til fleire av dei ansatte og lærarar i salen. Jan Magne Fylkesnes representerte Skanska, Brigt Samdal representerte Grendalaget og Ingvar Myrvollen representerte Foreldre Samarbeidsutvalget ved skulen.

Brigt Samdal opna møte med ei orientering om prosjektet. 4.januar hadde alle lag i bygda møte der dei valgte Grendalaget til å fronte bygda sine ønsker inn til kommunen. Og ønsket i bygda er heilt klart ein idrettshall. Grafikken som blei vist viste at kontoen var begyt å fyllast, men har endå store hull som må fyllast.

Anders Moen orienterte om prosjektet og viktige datoer. 17/6-14 blei "Design & build" vedtatt i bystyret. Skanska blei valgt og dette gjekk gjennom bystyret 16/12-14. Dei startar no samspelsfasen der detaljer skal fastleggast og 17. mars skal prosjektet igjen opp i bystyret. 

Skulen skal være innflyttingsklar 1/8 2016.

Jan Magne Fylkesnes orienterte så om byggeprosjektet. For enkelhets skyld har Skanska laga ein video der dei viste ferdig projekt både inne og ute. Skulen blir kompakt for å redusert arealet. Dette vil gjøre reingjering billigare og det vil holde fyringsutgifter nede. Dei har også valgt kvalitet i materieler slik at vedlikehaldsutgifter skal holdast nede.
Skanska har også lagt ned mykje arbeid i korleis dei skal skille skule og byggeprosjekt. Halve paviljongen skal rivast og det skal settast opp ein liten brakkerigg på skuleplassen. Det skal så settast opp ein solid gjerde mellom skulen og byggeplassen. På byggeplassen er det lagt opp til rundkøyring så ein slepp rygging. Dette for å redusere fare for ulykker.
Skanska innviterte på møtet elevane med på utforming av leikeapparat. Dei har lagt inn apparat, men ønsker samspel med elevane om utforming innanfor dei gitte rammene.

Skanska viste også planløysing på prosjektet. Dei har valgt å tilby klasserom som er større enn det som er standardkrav for 20 elever - her skal det være god plass til 25 elevar.

Rektor Heidi Humlestøl fortalte at ho blei begeistra når ho såg prosjektet. Dette var godt gjennomarbeidd. Ho fortalte også av det blir hektisk møteaktivitet framover både med FAU, ansatte og ikkje minst elevar. 

Dei politiske parti vart utfordra til å komme med uttaleser angående fleirbrukshall, men som venta ville ingen love noko her. Ordføraren gjekk lengst med å seie at han var sikker på at Eikefjordingane ville klare å få fleirbrukshallen på plass. Hilmar Eliassen peika også på at ein større hall vil kreve større driftsutgiter. Samdal kviterte med at ein større hall kan skape større inntekter og at driftbudsjettet er med i ein søknad til tippemidler.

Det var full så i Allhuset denne kvelden. Oppunder 150 personer var møtt fram og ga stort sett varm applaus til orienteringa. Naboane bak skulen er uroa over høgda på bygga som skal reisast. I dag har dei god utsikt, men blir denne utsikta sperra av ein stor idrettshall? Jan Magne Fylkesnes meinte at ein storhall ikkje vil komme mykje over mønet på gymsalen, då heile den nye bygningsmassen  er senka mellom 1m og 1,5 m.

20150125 600 folkemote

Grendalaget fekk også godord frå salen for at dei har tatt på seg oppgåva med å fronte grenda sine ønsker ovanfor kommunen. Dei har ei stor oppgåve foran seg, vi får berre håpe at dei kjem i mål.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2