Bli med på grunnkurs spansk A1 – del 1 i Eikefjord. Det er 6 plassar ledig pr i dag.

Kåre Leif Hollevik vil vere lærer på kurset. Han har lang røynsle som språklærar og jobbar til dagen som lærar på Flora Ungdomsskule.

Oppstart vil bli på Eikefjord Skule tysdag den 3 mars kl. 18.00 – 21.30.

Neste forelesing vil bli på laurdag den 7 mars. Endeleg oppsett over alle datoar og tidspunkt vil de få i forkant av oppstart.
Spanskkurset vil truleg gå om lag annakvar veke fram mot slutten av april.

Påmelding gjer du ved å klikke på linken under:

http://www.folkeuniversitetet.no/floro/spanskkurs-nybegynner-a1-del-1-floro-floro/kurs-id-1651686900/

Bøkene vi bruker på A1 spansk del 1 er Caminos 1, kan tingast hos Norli Bokhandel. Ein link til boka finn du under. Denne kan og tingast lokalt i Florø eller i Førde:

Norli Bokhandel

Deltakarar vil og ha behov for CD'en, så vi anbefaler alle å kjøpe denne i tillegg. ISBN no. er: 9788205332133

Har de spørsmål, ta gjerne kontakt med Reidar Brandsberg – 57 74 47 00 – 47 65 69 06 eller Sivert Rømo på kontoret vårt inne i Førde. Sivert har tlf. 57 83 23 18

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2