EIKEFJORD: – Vi er heldige sidan basket er 20150605 250 basketein verdsidrett. Derfor er det heilt naturleg at vi får med mange flinke folk frå andre nasjonar.

På 17. mai tok Dag Nybø i mot «Mangfaldsprisen» i Flora, som går til einskildpersonar, lag eller organisasjonar som har utmerka seg innan kulturfeltet i året som gjekk, og for å ha fremma samkvem og forståing mellom folk frå ulike kulturar. Prisen er eit stipend på kr 7500.-

– Kjekt å få prisen sjølvsagt, smiler han. – Pengane kjem vel med og går rett inn i klubbkassa. Det trengst økonomisk næring for ein klubb som veks fort.

Vi besøker nestor i Eikefjord Basket, Dag Nybø, på ei vanleg tysdagstrening i gymsalen i Eikefjord. Ruvande eit hovud eller to høgare enn disiplane drillar han teknikk med ei gruppe unge som har fått smaken på korgballspel i Sunnfjord. Nokon av dei har reist milevis for å vere med.
August Aamodt Kristiansen (15) frå Sande i Gaular har kutta ut fotballen for å satse på basketball og har ei gruppe lokale spelarar som trenar i lag der.

– Basket er ein tøffare og meir krevjande idrett enn fotball. Tempoet og intensiteten er høgare og ein må vere god både i forsvar og angrep, forklarer gutespelaren, som allereie har debutert på førstelaget til Eikefjord i 1. divisjon.
Han har også vore med regionlaget på Vestlandet på ei nordisk turnering i Stockholm, der dei kom heilt i finalen.

Familien Nybø bidreg også godt til utviklinga av sporten. Hanne Løkkebø Nybø er teken ut på regionlaget J13, som har samlingar og trening i Bergen. Frå før har han sonen sin Sondre i full gang som spelar i eliteserien.

Viktig er også seniorspelar og trenar André Hatleset, som trenar eit gutelag i Svelgen.

Eventyrleg er eit godt brukande ord om utviklinga sidan Dag Nybø starta det første gutelaget i 2006–2007. Og det er ikkje tvil om at spelarar frå land som Litauen, Polen, Libanon og Somalia har bidrege sterkt til å heve nivået sportsleg.

– No har eg blitt kontakta om ei kvinne frå Nigeria, som har spelt på høgt nivå der. Ho ønsker å trene eit jentelag her i Flora. Det kan bli spennande, seier Nybø.

Klubben har også fått utdanna sin første dommar i litauiske Tadas Kanopka. Ein ny stein er lagt til korgball-byggverket som er stadig vekst på tvers av folkeslag og kommunegrenser.

Basket er ein stor idrett i land i AustEuropa, USA, Kina, Sør-Amerika og etter kvart i fleire land i Afrika også. Spelet blei oppfunne i Canada, av gymlærar og professor James Naismith. Med dei same klimatiske utfordringane som i Norge, konstruerte han den nye idretten for å ha ein god innandørs idrett på vinteren. Ideen bak var å lage eit spel som favoriserer teknikk og dyktigheit hos spelarane framfor kraft og fysisk konfrontasjon. Etter kvart som sporten har spreidd seg er den blitt ein sommaridrett i mange land og det har utvikla seg variantar som street-basket.

– Nivået i 1. divisjon er i overkant av det Eikefjord Basket greier å hevde seg i. No greidde vi oss så vidt det var i divisjonen i år og kjem til å bruke neste sesong til å vidareutvikle dei unge talenta våre.

Sjølv har han bakgrunn frå spel på toppnivå frå Bergen og sjølv om han ikkje er nokon ungfole lenger, så spelar han ei avgjerande rolle på bana framleis. – Det er tyngre fysisk og kondisjonsmessig enn før, men eg henge nok med ei stund enno, smiler han.

I grunngjevinga til prisen står det å lese:

«Prisen går til ein kandidat som gjennom fleire år har vist framgang med sin aktivitet, der spelarane kjem frå ulike nasjonar og ulike kulturar.»

I distriktet er det ikkje mange som driv med denne idretten. Dette gjer at spelarane bur i Florø, Førde, Gaular, Breim, Svelgen og Eikefjord. Gymsalen på Eikefjord skule har vore treningsarena i alle år. Heimekampane har dei gjennomført i Svelgen, som slettar kravet til basketballbane. Laget har klatra i seriesystemet og spelar no i serien i Hordaland. Integreringa og mangfaldet har vore ein avgjerande suksessfaktor. Felles er lidenskapen for basketball.

Kulturprisvinnaren har betydd mykje for to unge gutar på asylmottaket. Dei kom til Florø og hadde lyst å fortsette med å spele basket. Etter kontakt med Nybø starta gutane på treninga. Dei blei tatt veldig godt i mot, og har fått reist rundt i Norge og spelt kampar, noko som er vanskeleg for ein asylsøkar å gjere på eiga hand.

Dette symboliserer det arbeidet som vert lagt ned i denne gruppa og av Nybø, som bidreg til ein meiningsfull og aktiv kvardag for mange, og at desse gjennom dette mangfaldet vert integrert på ein god måte i det norske samfunnet.

Det er trenar Dag Nybø som starta denne gruppa, og som framleis er med laget som trenar fleire gongar i veka med ulike aldersgrupper, og han er sjølv med på kampane for senior – ved behov. For sitt arbeid over år med å bidra til ein meiningsfull og aktiv kvardag for mange, og at desse gjennom mangfaldet i aktiviteten blir integrert på ein god måte i det norske samfunnet.

Sesongen kan summerast opp kort slik:

1. Seniorlaget måtte slå Bønes i siste kamp for å halde seg i 1. div. Her var det mange spelarar som leverte i forsvar og i angrep. Eikefjord vann til slutt 75 -63.

2. Jentelaget til Eikefjord tok ein fin 3.-plass i serien og vart det første frå fylket som kom på topp 3 i serien.

3. Gutelaget G15 hamna på nedste halvdel på tabellen, men opplevde stor framgang spelemessig.

Tekst og bilde Firdaposten 04.06.2015

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2