Solheimsløpet 2011 007

Fylg riksvegen fem kilometer austover, ta av ved Storebru og fylg vegen litt nord og oppover, der ligg Solheim, ei lita fjellbygd omringa av snødekte fjelltoppar i vakker natur. Vestre Hyen si naturperle er sjølvberga med heimesnikra lensmann og eige postkassestativ, TV-antenne for Riks TV, samt drift av storfe og sauer. Fritt for vær og vind, akkurat der morgensola renn opp over Storfjorden, lever dei 70 salige fastbuande som komande laurdag arrangerer Solheimsløpet 2015. 

350 høgdemeter skal bestigast i dette korte, men intense motbakkeløpet!

Trimklassa startar 18.30, medan konkurranseklassa startar kl 19.00. Oppmøte ved garasja til Martin Holme, ovanfor skulen på Solheim . Startpengar kr. 50,- Det blir premiering til den beste i kvar klasse og i tillegg trekt ut premiar på startnr. Det vert konkurrert i fylgjande klasser: Menn 15+ Gutar 14- Damer 15+ Jenter 14-

Etter løpet blir det salg av pølser med brød, kake og kaffi på støylen, samt bålkos utover sommarsnatta.

Alle kan vere med, uansett tempo og alder. Dei aller fleste tek dette som ein gåtur opp i dette flotte terrenget. Desse går då på førehand, slik at ein kan stå og heie på løparane ved målgang. Det tek omlag 45 minutt å gå opp. Det 1 km med skogsbilveg og 1,5 km med skogstraktorveg frå Solheim og opp til støylen. Løpet er eit samarbeid mellom Hyen IL friidrettsgruppa og bygdelaget på Solheim. Spørsmål kan rettast til lensmann Øyvind Magnus på tlf 90829211.

Alle er hjarteleg velkomne!

Sjå Facebook her.

 

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu