Kunnskapsminister Torbjørn20150904 250 torbjornogbrigt Røe Isaksen vart mektig imponert over at ei bygd med 1200 innbyggarar klarte å samle inn 7 mill. kroner på 4 veker for å realisere fleirbrukshall. Eg har aldri hørt om noko liknande sa han under besøket hos Skanska i Eikefjord.

Litt forseinka kom ministeren og vart vel mottatt av blandt andre elevar frå skulen, ordføraren, Skanska og Brigt som leiar av Grendalaget.
20150904 600 velkommen

Ordførar Bengt Solheim-Olsen orienterte litt om prosjektet som har vart i 20-30 år, der ein gammal "holk" blir erstatta av eit "Desig and build" prosjekt utført av Skanska.

Rektor Heidi Humlestøl Aasen orienterte litt om skulen og prosessen fram mot nybygget og la vekt på at  elevane var svært glade for å ha fått delta å utforme uteområdet.

Brigt Samdal orienterte om innsamlingsaksjonen og det gode samarbeidet grendalaget har hatt både med kommunen og Skanska. Han trakk spesielt fram givargleda som har vore i bygda.

Prosjektleder Jan Magne Fylkesnes orienterte så om "Design and build" prosjektet og at entrepenøren har kontroll med alle fagområde i bygget. Ein slepp dermed kjedelege kollisjoner og framdrifta kan gå på skinner. På denne måten kan ein få eit kosteffektivt bygg både i byggekostnader og drift.

20150904 600 torgjorn

Ministeren opna med at han var svært imponert ovar at ei bygd på 1200 mennesker klarte å samle inn 7 millioner kroner på 4 veker. Eg har aldri hørt om noko liknande.

Vidare hadde han fokus på lærlingar. Om vi ikkje endrer kurs vil vi, ifølge statisktisk sentralbyrå, ha 30 000 for få med fagbrev innan bygg og anlegg i 2030. Dette må vi endre på og eit av midlene er å innføre eit merke som bedrifter som har lærlingre kan bruke. Ministeren har delt ut 3 slike emblem før og i Eikefjord fekk 5 nye bedrifter emblemet.
Ministeren orienterte også om andre tiltak for å styrke lærlingeordninga.

20150904 600 skulen

På omvisninga i skulen fekk ministeren vidare orientering om samarbeidet mellom Skanska og skulen. Når entrepenøren har full kontroll kan han styre aktivitetane slik at det blir levlege undervisningsvilkår på skulen. Heile skulen er bygt opp av moduler slik at det blir minst mulig bråk for elevane.

Så hasta ministeren med følge vidare til Florø og eit stramt valgkamp  program.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2