Gode Eikefjording. Såg de at Signes Raspeball frå Førde vann ein stor konkurranse for beste raspeball? Signes raspeball er ei familiebedrift som lagar tradisjonelle komler frå grunnen av og for hand, og leverer til dei beste hotell og resturanter i heile landet. Vi på In-spire har servert Signes Raspeball på komlemiddagen vår i heile haust, og fått gode tilbakemeldingar. Kvar torsdag frå klokka 1400 får du komler med heimelaga kolrabistappe, saltkjøt, stekt bacon, grov dampepølse og poteter, her på In-spire. Torsdag denne veke er siste Komletorsdag før jul, da vi veka etter, den 17 og 18 desember arrangerer vi Familiejulebord på In-spire.

Ynskjer du å ta med deg familien, venner, kollega eller ein god nabo til eit godt måltid no før jul, så kan du reservere bord her hos oss torsdag den 17 og fredag den 18 frå klokka 16.00 til klokka 20.00. Vi held ope til klokka 2400 begge dagar, for dei som vil sitte lenge for ein sosial kveld :-) Reservasjonar før 13 desember.  

Juletallerken med pinnekjøt, kolrabistappe, fersk svineribbe med brunsaus, surkål og potet, valfri dessert frå buffeten samt kaffi, kroner 300 per person. Barn kr 150. Vi har no kuleis med nonstop-strø og sjokoladesaus til dei minste :-)  

julekuler

 

Opningstider JULA 2015

JULAFTA 10.00-12.00

1-4 juledag stengt.

Tirsdag 29 og Onsdag 30;  10.00-19.00

NYTTÅRSAFTA 10.00-12.00 

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu