Allhuset har blitt ein institusjon i20160113 300 OddStubhaug Eikefjord og like lenge som huset har stått der har Odd Stubhaug vore styreleiar. Arbeidet hans starta ikkje som styreleiar, men med planlegging av kyrkjelydshus på 80 talet. Odd Stubhaug var leiar for plan- og byggjenemnd for kyrkjelydshus då bygda gjekk inn for eit felles bygg for eldrehus / kyrkjelyldshus/ grendahus i september 1990. Odd selde inn tanken og soknerådet gjekk inn for dette huset som fort fekk namnet «Allhuset» og Odd Stubhaug vart sjølvsagt valt inn i plannemnda.

I mars 1992 var ein komme så langt at utkastet til Førdefirma Arki teikna av Ludvik Hundvebakke var valt. Soknerådet oppnemnde finansieringsnemd og her var også Odd Stubhaug med som ledar. Finansieringsnemnda viste stort engasjement og samla inn 2 mill. kroner til prosjektet.

Biskop Per Lønning la ned grunnstein i mars 1992 og 21. januar 1995 kunne leiar i byggjenemnda, Odd Stubhaug, ønskje velkommen til opning. Då var alt enkelte av boligane og deler av Allhuset alt tatt i bruk. Bruk har også vore eit stikkord for Allhuset, styret har alltid lagt til rette for at bygda skulle bruke Allhuset.

Onsdag ettermiddag var det gamle og deler av det nye styret for Allhuset samla til middag i Eikefjord. Sidan opninga i 1995 har Odd Stubhaug hatt vervet som styreleiar for Allhuset, men no takkar han av etter over 30 års teneste for Allhuset.
- Tidlegare ordførar Kolbjørn Dyrli sa til meg at Stubhaugen alltid hadde kjekke ting å drive med – og det har eg hatt. Arbeidet med Allhuset er ein av dei kjekke tinga eg har fått vere med på, sa Odd Stubhaug på sit siste møte i styret for Allhuset.

Lars Terje Standal hadde mange lovord om Odd Stubhaug, frå måten han fekk overtalt soknerådet i si tid til korleis han har leia styret gjennom desse åra. Han overbringa også helsing frå grendalaget som takka Stubhaug for sitt store engasjement for Eikefjord og Allhuset.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2