Hei alle gode, og godt nytt år :-) 

 

Vi er i gang med komlemiddager kvar torsdag frå klokka 14.00   :-)  

I kafeen får du no deilige påleggsfat med sprø salat, litt av kvart for deg som vil ha proteiner, vitaminer, og sunt fett. Kva med skinkefat med sitronmarinert avocado og nykverna pepar, eller vår eigen eggesalat med paprika og reker med lime? Du kan velge mellom grove scones eller foccatiabrød, som vi bakar kvar dag her på In-spire :-) Vil du ta med deg på jobb, smetter vi pålegget mellom to skiver så har du ein blings. Vi har "ta-med" beger til supper og lasagne, og kaffi sjølvsagt :-) 

Ny softicemaskin skal vere på plass i god tid til påske, så vi satser på ein varm og lang sommar i år, gjer vi ikkje :-) 

I morgon startar vi stort salg i klesavdelinga, 30/50/70 % på alle kle frå haust og vinterkolleksjonen :-)

Helgenytt på menyen denne helga er "ost-og-spekemat" tallerken, og kyllingwok chili, ingefær og ris :-) Hot og næringsrikt med masse sprø grønnsaker. Deilig med litt forandring.påleggsfat

Velkommen og vel bekomme :-) 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2