Eikefjord.net har fått omvisning20160125 250 ungdom på nyeskulen. Inntrykket ein sit igjen med er lyse rom og godt gjennomtenkte planløysingar.

Ungdomsskulen får kremplasseringa i andre etasje med utsikt mot fjorden. Bildet er frå rommet som sansynleg blir tiande klasse.

Skulen er organisert med inngangsparti sentralt og klasserom i begge ender av bygget. Administrasjon er plassert sentralt i første etsje og lærarane sentralt i andre etasje.

Mellomtrinnet skal være i andre etasje mot byggefeltet.
20160125 600 mellom

Barnetrinnet får også tilhold mot byggefeltet, men i første etasje.
20160125 600 smaaskulen

Det er eget rom for naturfag/kjemi. Dette er i første etasje med god utsikt over fjorden
20160125 600 kjemi

Ved sida av er sløydsalen og like ved denne ligg handarbeidsalen.
20160125 600 sloyd

I andre etasje får lærarane sine kontor. Kvar av desse kontora er beregna fire kontorplassar. Det er også fleire møteplassar utanom kontora.
20160125 600 lerar

Hjertet i skulen vil være inngangspartiet. Muskikkromet er ved sida av inngangen. Til venstre i første etasje er kiosk og bak denne skulekjøkkenet. Over musikkrommet kjem bibliotet. Til høgre kjem inngang til storhallen.

20160125 600 inngang

Utvendig er det også framgang. Kledningsplatene er begytn å komme på plass. I fasaden mot sentrum vil alle inngangane til klasseromma komme. Kvart av dei tre klassetrinna vil få egen inngang, mellomtrinnet og ungdomstrinnet med trapp opp til andre etasje utvendig.
20160125 600 ute

Om berre to månader skal skulen være ferdig for overlevering. Det er godt håp at dette skal holde. No jobbar 25-30 personer på bygget for det meste med tekniske anlegg inne. Skulen får heilt nye møbler og innventar så når det nærmer seg flytting blir det loppemarked i gamleskulen. Her skal alt vekk  og inntektene går til nyeskulen. Meir informasjon kjem seinare.
Grendalaget har sett seg opp på dugnad i prosjektet - dette blir sansynlig på uteområdet. Her kjem også meir informasjon seinare.

Alle som får sin skuledag og arbeidsdag kan berre glede seg. Dette blir noko heilt anna enn skulen vi har idag. Berre dei store ventilasjonsrøra i taket vitnar om ei ny tid.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2