Det jobba for fullt med å gjere ferdig den oppgraderte barnehagen. Folk frå tømrarfirmaet Rune Sunde jobbe med å lage eit nytt inngangsparti ut mot fylkesvegen.
–Det skal bli ein inngang med grovgarderobe. Den vanlege inngangen til barnehageanlegget skal ligge midt i som før, fortel styrar June Anne Nordnes til Firdaposten.

– Det er litt hektisk for tida. No blir det arbeidd med utbetring av den gamle delen og det dukkar opp nye utfordringar etter kvart som ein riv gamle veggar. Den nye delen er så godt som klar den, det manglar berre litt på det tekniske, fortel styraren.

Ho reknar med at det kan gå to-tre månader før heile anlegget er klart til å takast i bruk. Då kan ein gjerne skrive både mai og juni, alt etter kor mange utfordringar ein støter på under ombygginga av gamledelen.

Bystyret i Flora vedtok prosjektet i desember 2013. Totalt er prislapp på 27, 2 millionar kroner.

Les meir i Firdaposten torsdag

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2