Onsdag 27. april innviterte skulen heile 20160427 300 snorklippbygda på opningsfest på den nye flotte skulen. Rektor Heidi Humlestøl leda arrangementet, der elevane vart sett i fokus med flotte innlegg.

Først ute var ein av elevane,  Gabriel. -Vi var litt i tvil om den nye skulen, men det vart bra. Etter å ha ramsa opp alt som er mykje bedre avslutta han med - MYKJE BEDRE.

Deretter fekk Ordførar Ola Teigen i lag med Sebastian og Liv æra av å klippe snora.

Teigen gratulerte bygda med ny skule og fekk tre ganger JA på spørsmålet om vi var fornøgde.

Han takka også alle som har vore med i prosjektet, spesielt elevane som hjelpte til med flytteprosessen. Han hadde også med gavebrev frå kommunen på 10.000,- til både elevane og dei ansatte.

Ledelsen frå Skanska var imponert over kommunen som ikkje berre ville ha eit godt bygg. Dei fokuserte også på drift og vedlikehold i anbudsfasen. Eikefjord skule var ein ny måte å planlegge prosjekt for Skanska, og blir no kalla Eikefjord-modellen.

Stolt rektor leder opninga av den nye Eikefjord Skule
20160427 600 rektor

Mykje bedre, meiner Gabriel
20160427 600 gabriel

Elevane underheldt
Håkon Esp, skulemusikken, Skulekor, Mildrid og Hilda Løken Taklo.
20160427 600 elever

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2