Årets 17.mai komié har hatt oppe til diskusjon borgartoget i bygda. Dei siste 10-års komitéar har hatt den same diskusjonen. Dette fordi deltakinga har gått ned for kvart år.
Det har vore gjort forsøk på å få fleire til å gå i dette toget. Vi i komitéen har vore i kontakt med alle lag og organisasjonar i bygda, for å høyre kva dei meinar.
Nokre lag vil sjølvsagt at borgartoget skal halde fram.
Men dei fleste hadde ikkje sterke meiningar om dette.
Komitéen legg derfor opp til, at vi i år har eitt tog i bygda.
Det blir felles 17.maitog for alle, om morgonen.
Nytt av året er at skulemusikken held ein minikonsert som avsluttar dagen.
Feiringa blir på Allhuset. Dagen startar kl.10:00 med vanleg program. 17.maitoget går ca.10:25
Program for dagen blir lagt ut når det er klart. Komitéen ynskjer alle velkommen til nasjonaldagsfeiring i bygda vår.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2