Jan Grov i Eikefjord Idrettslag lagar no ein lokal løpskarusell.

Det første løpet; 10 september, blir det arrangert 2 km barneløp, 5 km og 10 km. Det er også konkurranseklasse og mosjonsklasse utan tidtaking, så her kan alle delta.

Eikefjord maraton

På løp nr. 2 (22. oktober) blir det halvmaraton og maraton for første gong i Eikefjord. Løypa på Storebru er flat og rask. Sidan den ligg midt mellom Florø og Førde håpar arrangøren på mange deltakarar.

– Frå 2017 planlegg vi fem karuselløp, der også Hovlandstølen Opp og truleg eit nytt landevegsløp i sjølve Eikefjord-bygda også vil også vere del av karusellen, seier Grov til Firdaposten.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2