I 1987 melde Firdaposten at oppstarten av Inge og Alex Vassbotten sitt oppdrettsanlegg i Høydalsfjorden hadde gått veldig bra og at dei no hadde passert heile 100 tonn slaktefisk. Mange ausekar med fôrpellet er delt ut sidan den tid og det lokale selskapet har gått gjennom mange opp og nedturar opp gjennom åra. Men med hell, dyktigheit, staheit og stå-på-vilje har det gått langt meir opp enn ned. Denne helga inviterer Steinvik Fiskefarm 260 gjestar til feiring i byens storstove, Flora samfunnshus.

I høve 30 års jubileet gir dei 500 000 kr til Idrettshall i Eikefjord og 130 000 kr til Nærmiljøanlegg i Steinhovden.

Dei har også oppretta eit utdannings og forskingsfond retta mot ungdom som tek høgare utdanning innan fiskeoppdrett. Dette gjeld ungdomar frå kommunane Flora, Askvoll, Bremanger, Naustdal og Førde.

Les meir i Firdaposten

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu