20161016 300 vassbotnFlora kommune har sett i gang arbeid med ny inntaksledning til Eikefjord vassverk. Tidlegare er det lagt ny vassleidning frå Hovlandstøylen ned til riksvegen.

No skal det leggast ny leidning frå støylen til Vassbotnvatnet. Her skal det byggast inntakshus på 8,5 x 4 meter med ventilhus og kammer med skråsiler. Midlertidig vassforsyning skal skje via pumpe og pumpeleidning frå "vestre del" av Vassbotnvatnet.

Planlagt tiltak på fjellet ved Vassbotnvatnet vil auke kapasiteten på Eikefjord vassverk, trygge vassforsyninga og lette vedlikehaldet.

FJELLET

20060611-550-vikan08.jpg

Eikefjord

20130615-kyrkja.jpg

Eikefjord ligg i indre del av Kinn kommunen nord på Vestlandet. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


HALLEN

20171105-400-styrke.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com