Årets 9.klasse i Eikefjord er godt i gang med dugnad for å skaffe pengar til neste års skuletur. Først ut er sal av toalettpapir. Dette vil for det meste gå føre seg lokalt i dei områda elevane bur.

Neste ut er flaskeinnsamling. Den vert gjennomført 2.januar 2017 i alle grendene i bygda. Vi håpar at alle vil støtte oss når vi kjem rundt. Om du ikkje er heime, men ynskjer å bidra kan du enten sette flaskene på trappa eller levere hos Leni Humlestøl-Endestad i Sørgard 5, Gerd Anny Daae Havn på Hovland eller hos Kathrine Underlid i Steinhovden.

Planen er å gjennomføre eit toalettpapirsal til, i løpet av våren og ei flaskeinnsamling i slutten av mai.

Elevane kjem også til å nytte nokre laurdagar til å stå i Eikefjorden ved Spar og selje vaflar og kaffi.

Støtt ei god sak! Støtt flotte ungdommar ved Eikefjord barne-og ungdomsskule.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2