Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

framsidebilde inspire

NO Fredag 11.11 blir det mat og vinkveld, eller lønningspils, om du vil kalle det for det, på In-spire. Vi lagar pizza og pastasalat buffet, med godt drikke til, frå klokka 1700 :-) ope til 2100.

Butikken er også open, så det er mulig å gjere unna litt julehandel.   

Velkommen :-) 

FJELLET

20060219-400-efj_st.jpg

HALLEN

20171105-400-styrke.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com