20161115 300 basket25. - 27. november skal fire av spelarane på Eikefjord basketball vere med på talentcamp i Oslo. Dette er den første av to samlingar og den andre finn stad i Kragerø i mai neste år. Det er teke ut om lag 50 spelarar frå kvart kjønn, fordelt over heile landet, som skal vere med til hovudstaden på den første samlinga.

Frå Eikefjord basketball er det tre gutar og ei jente frå '02-årgangen som har blitt valt ut, og desse er Kristoffer Sætren, Jonas Hovden, Hanne Løkkebø Nybø og Sebastian Hatleset.

Leiar for basketballgruppa, Dag Nybø, seier til Firdaposten at dette er gledelege nyheiter.

– Laget gjer det veldig bra og har hatt fin framgang dei siste åra, seier han.

Nybø fortel at trenaren til gutelaget, Andre Hatleset, har gjort ein kjempejobb og at det er ein prestasjon å få med heile fire spelarar på denne talentcampen.

Les meir i Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2