Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

På Søndag i Eikefjord kyrkje er det det skjer, julekonsert med Koriander, Eikefjord skulemusikk og bygdas unge talenter. Kom å la julefreden senke seg til vakker song av Olianne Øren, imponerande pianospeling av Andreas Løken Taklo, Håkon Esp og Kristina Endestad.  Og ikkje minst cellospeling av Mildrid Johanne Løken Taklo og Solokornettspeling av Nora Marie Hesjedal. 

Her er mykje meir snadder på programmet! 

Kom og bli med på årets julekonsert, du kjem garantert i julestemning:) 

Billett selgast i døra: Vaksne 100.- Barn 50.-.  

 

Vel møtt! 

 

Arr: Koriander, Eikefjord skulemusikk og Eikefjord sokneråd

FJELLET

nipevatnet2.jpg

HALLEN

20170401-basket.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com