Hanne Løkkebø Nybø er tatt ut til landslagssamling i basketball. Denne helga reiser ho til Oslo for å vise at er verdig ein plass på landslaget. Etter dette ventar ny samling i april, og deretter i mai. Ut ifrå samlingane skal det takast ut tolv spelarar til Nordisk meisterskap i juni og Europameisterskap i august. Hanne håpar ho får plass og seier ho er spent på første samling denne helga.

Hanne er datter til Dag Nybø som har fleire landskamper i basket.Det er også han som har dratt igang basketballen i Eikefjord og resten av fylket. Hanne har følgt han på treningar sidan ho var 9 år.

Hanne spelar no på gutelaget til Eikefjord og nokre helger reiser ho til Bergen og spelar for jetelaget til Ulriken Eagles i klassen for14 til 16-åringar.

For tida må Hanne reise til Svelgen for å spele. – Når den nye hallen i Eikefjord er ferdig, er planen å trappe opp, seier ho til Firdaposten.

Les meir i Firdaposten

 

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu