Til alle eikefjordingar (og andre interesserte)

Laurdag kl 16.00 er det årsmøte i Eikefjord Grendalag på Allhuset. Så snart det er unnagjort går vi til skulen og får ei omvisning i den splitter nye fleirbrukshallen vår!!!

Vi går så tilbake til Allhuset for Kick-off til Eikefjorddagane 2017, der vi lar galskapen få fritt utløp ei stund! Ingen ide er for liten, eller stor:) Her skal vi også tenke bygdeutvikling i tida framover. Kva vil vi at skal prege kvardagen i bygda vår?

Diverse morrro skal det også bli, men kva det er må du møte opp for å få vite;-)

Det blir matservering og grendalaget stiller med drikke til maten:) Drikke til resten av kvelden ordnar alle kvar for seg.

Har du lyst og høve til å vere med? Ta med deg mannen, kjærasten, kollegaen, naboen, eller veninna og meld dokke på. Send ein SMS til Brigt på tlf 90748238 innan fredag kl. 17.00.

Håpar å sjå deg på laurdag!

 

Med venleg helsing

Eikefjord grendalag

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2