Førstkommande søndag, den 12 Mars, inviterer vi til FullmånePub på In-spire i Eikefjord. 

FullmånePub er ein uformell sosial sammenkomst, der du har muligheten til å treffe venner og kjente for ein prat, gjerne med noko godt på fat og i glas. Vi ynskjer å tilby eit månadleg arrangement for dåkke Eikefjordingar, og med å legge det til FULLMÅNE er det enkelt for deg alltid å vite når dette er. Da får vi og variasjon på kva kveldar dette skjer, slik at det ikkje nødvendigvis skjer i helgane, som ofte er fulle i andre gjeremål :-)

FullmånePub har "Open Scene", klokka 20.00 og du er velkommen til å bidra her om du føler for det, ein sang, eit dikt, ein vits, eller ei røvarhistorie. Noko ventar denne kvelden, berre dei som kjem får det med seg ;-)

Denne kvelden byr vi på pizzabuffet, frå klokka 1800. Et så masse pizza du vil for 99 per person. Ulike smakar, og vår eigen heimelaga tomatsaus <3    

OPE SOM VANLEG FRÅ 15-18. FullmånePub til klokka 22.00 :-) 

God helg :-) 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2