20160813 250 skulemPå søndag er det tid for vårbasar på Eikefjord skule. Eikefjord Skulemusikk har først konsert st kl 1500 og basar etterpå.

Konserte på søndag blir ein fin avsluttning på ei seminarhelg med delar av Ytre Suløen Jazz Ensemble.

– Dei store og små musikantane våre gler seg. Dette er verkeleg ei vitamininnsprøyting for oss, seier leiar i Eikefjord skulemusikk, Bodil Hovland Øren, til Firdaposten.

Seminaret byrjar fredag og i løpet av helga blir det både inspirasjonsseminar og improvisasjonsspeling. Det heile skal kulminere i ein konsert i storhallen, saman med Floraskulen brassband, Ytre Suløen Jazz Ensemble og Eikefjord skulemusikk.

– Vi har hatt eit aktivt år i korpset vårt som fylte 50 år i fjor, og vi kjenner rett og slett på ein ny giv og mykje musikkglede. Det gler vi oss veldig over. Så no skal det bli spennande å fylle heile storhallen med korpsmusikk, seier Øren.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2