2017 07 20sykkel Flora Cykleklubb har sett fokus på Sundefjellstunellen og kor dårleg den er tilrettelagt for sykkel. Det er rett å slett farleg å sykle gjennom denne tunellen. Tunellen er ikkje tilrettelagt for syklistar, det er smal vegbane, dårleg dekke, ingen vegskulder og med uoversiktlege strekningar. Det er dessutan dårlege lysforhold, og viftene i taket lagar så mykje støy at ein ofte ikkje høyrer bilane før dei susar forbi.

 

Florø Cykleklubb brukar strekka Florø-Eikefjord til trening nesten kvar dag, og har lenge meint at noko må gjerast. Dei har tidlegare foreslått for Statens vegvesen at det installerast eit varslingssystem lik det dei har i Mundalsbergtunnelen på E39 i Lindås i Hordaland. Der er det sette opp eit varslingsskilt med blinkande lys, der syklistar som skal gjennom tunnelen kan trykke på ein knapp før dei syklar inn. Då blinkar varslingslysa i ei periode slik at bilistane kan sjå at nå er det syklist i tunnelen. Dette fekk dei avslag på, men nå har Sykkelbyen Florø og Flora kommune overtatt saka. I eit brev til Statens vegvesen region Vest ber dei om bistand til vurdering av tiltak for å trygge tunnelen for syklistar. Eit av tiltaka dei foreslår er nettopp det som sykkelklubben fekk avslag på.

Les meir i Firda

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2