20170818 250 kakebordDei 15. Eikefjorddagane blei opna av fylkesordførar Jenny Følling i dag.

Tradisjonen tru spanderer eikefjordingane gratis kaffi og kaker på eit gedigent kakebord. Ikkje lett å vente på alle taler og anna som foregår på scena når så mykje godt venter.

Eikefjordprisen er også eit spenningsmoment på opningsdagen. I år gjekk den til Idrettslaget som fyller 50 år, men har aktiviteter for alle i bygda.

 

Jenny Følling berømma den sterke dugnadsånda i bygda. Ho hadde ikkje tru på at vi kunne samle inn fleire millionar for å realisere hallen, men med rette drivkreftene blei det samla inn 8 mill til hallen. Ho takka kvar og ein som stilte opp og bidrog til eit felles beste. Ho takka spesielt Brigt Samdal for ledarrolla han tok i dette prosjektet.
20170818 600 folling

Det neste på programmet var utdeling av Eikefjord prisen 2017. Her vart 50 åringen Eikefjord Idrettslag hylla med pris for all den aktivitet som idrettslaget har stått for gjennom desse 50 åra.
20170818 600 prisen

Så kunne jentene og vi andre sleppe til på kakebordet. Nam-nam...
20170818 600 kakebord

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2