Elevar og tilsette ved Eikefjord barne-og ungdomsskule vil gjerne få takke Sanitetslaget v/ Ragnhild Høyset for eit fantastisk tilbod vi fekk forrige veke. Ragnhild tok kontakt med administrasjonen ved skulen, og spurde om dei kunne få servere våre elevar eit gratis smøremåltid i lunsjen! Sjølvsagt er dette noko vi set stor pris på, og det gjeld både elevane og dei tilsette. Elevane blei delt inn i 2 like store grupper, der dei yngste fekk nyte eit godt måltid på tysdag og dei eldste på onsdag. Saniteten stod for all mat og drikke og dei laga eit flott langbord der elevane kunne forsyne seg av mellom anna karbonader, egg og anna godt pålegg, i tillegg til frukt.  For 1.-5.klasse gjekk det med omlag 210 brødskiver, og fleire elevar uttrykte at no skulle dei heim å be om å få ei slik matpakke kvar dag! 

FJELLET

Strandanipa.jpg

Eikefjord

20131012-knapstadst.jpg

HALLEN

20170511-400-sang.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com